Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Oppdatert: 20. januar 2012

Arkivplan for Stranda kommune 2021- 2023

 

Bilde på framside

 

Elektronisk arkivplan for Stranda kommune

Føremål for arkivplan i Stranda kommune
Arkivplanen er ei samla oversikt over kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. I tillegg skal den vise kva slags instruksar, reglar, planar m.v. som gjeld for arkivarbeidet. Planen gjev bindande retningslinjer for Stranda kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikre at Stranda kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova § 6: "Offentlege organ plikter å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Rådmannen har ansvaret
I kommunen er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret
(jfr. Arkivforskrifta §1-1), arkivleiar har det daglege ansvaret for kommunen si arkivteneste.