Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Oppdatert: 17. januar 2023

Arkivplan for Sykkylven kommune 2011 - 2012

Aure 2b bilete

Denne arkivplanen er under arbeid

Føremål for arkivplan i Sykkylven kommune

Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2). For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

Administrasjonssjefen har arkivansvaret

Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeidar verksemsdplan. Godkjend verksemdsplan skal vere med i kommunen sin årsplan.

I kommunen er det administrasjonssjefen (rådmannen) som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1). Som administrasjonssjef i Sykkylven kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

Sykkylven kommune

Ole Johan Lillestøl

-rådmann-